Excerpt from “Og aldri skal vi skiljast” by Jon Fosse.

June 2nd, 2010

Excerpt from Og aldri skal vi skiljast by Jon Fosse.

Det Norske Samlaget 1994 – ISBN: 9788252143515


Nei

Nei det går ikkje

Nei no må eg gi meg

for dette går ikkje

Og det er heller ikkje nokon grunn for at det skal gå

heller

Det er ikkje nokon grunn for det

Ingen grunn

Det

Det er ingen grunn

Og det er berre dumt

Og at det går an

Det går ikkje an å vere slik

Eg er ikkje slik

Ingen er slik

Ingen er slik

Ikkje eg heller er slik

for ingen er slik

Ingen

Og eg

Alt er så roleg

Alt er berre meg

og uten andre er eg ingenting

Det høyrest ut som eg tenkjer

Eg tenkjer ikkeje

Ikkje faen om en tenkjer

Dei som tenkjer

tenkjer ikkje

Åh så klok eg er

Eg er vel verkeleg klok

Og eg er sterk

og ikkje einsam

Eg er sterk og stor og flott

Og eg klarer meg så godt åleine

Men eg er ikkje åleine

Eg har jo aldri vore åleine

Eg har vel alltid vore åleine

Eg har aldri vore ikkje åleine

Men eg må gjere noko

Eg kan ikkje berre gå

Eg må gjere noko

Alt er berre sterkt og flott

Og alt er jo så sterkt og flott

Men no må han vel komme snart

Det blir seint

Kvifor kjem ham ikkje

Han plar jo aldri komme så seint

Og viss han kjem så seint

så plar han ringe og seie frå

No kjem han nok snart

Eg må ikkje vente

for no kjem han snart

Han må jo komme snart

Kvifor kjem han ikkje

Eg må gjere noko

Han må vel komme snart

Kvifor kjem han ikkje

Han er nok berre

litt sein

No kjem han nok snart

Det hender jo at han blir litt sein

Så mykje kan jo skje

Og nesten aldri er det noko farleg

Men han kjem alltid til meg

Han kjem nok til å komme snart

Høyrde eg noko

Og aldri kjem han vel til å komme

Han er borte

Han kjem aldri att

Han er borte

som i en død

Og han kjem aldri til å komme

Eg veit det nok

Han kan aldri komme

Han er borte

Og det same kan det vere

Og han treng ikkje komme

Han må komme no

Han må komme no

Og no kjem han snart

Eg er sterk og stor og flott

Og då må han vel komme«»“

For eg er så stor og sterk og flott

Og då må han vel komme

Han må komme no

Han må komme

Komme no til jenta si

komme komme komme

komme no til jenta si

komme komme

komme no

komme no til jenta si

komme

Categories: Works

Tags: ///